Bak kvar einaste festival på Eidsbugarden ligg det meir enn 15 000 dugnadstimar, gjennomført av nær 500 frivillige. No i sankthanshelga var fleire enn 150 av desse samla til kurs og kos i Vang, på årets utgåve av Vinje Rockehøgskule. Bildegalleri i saka!
Vinje Rockehøgskule såg dagens lys i 2009, etter eit ynskje om å bli betre kjend med dei frivillige før det braka laus på Eidsbugarden. Ved å samle folk i forkant sytte vi også for at dei vart kjende med kvarandre, og arbeidsoppgåvene som venta. Og sist men ikkje minst: Våre kjære frivillige fekk også høve til påverke festivalen i større grad.
Det fyrste året deltok om lag 50 personar. Året etter dobla det seg, og i år bikka vi altså 150. Arrangementet går av stabelen på Vang barne- og ungdomsskule, som til vanleg har færre elevar enn talet på folk som var samla der denne helga.
- Me hadde ein eventyrleg pågang av frivillige i år, fortalde frivilligsjef Harald Berge på opningskvelden. Meir enn 800 hadde meldt si interesse for å jobbe på festivalen i år. Knapt 500 fekk plass, inklusive alle samarbeidspartnarar som stiller opp ved sidan av.
Fredagskvelden var i sedvanleg stil dedikert til velkomst, quiz og kos - for anledninga med Grindafjellet i solskin som kulissar. Laurdagen og sundagen vart meir regntunge, men stemninga var jamnt stigande gjennom heile helga likevel.
På laurdagen hadde alle gruppene eigne opplegg, med kursing og sosiale aktivitetar, før oppvarminga til kvelden vart gjort i form av fotball- og volleyballturneringar for dei som ville sveitte, og måling av årets dokunst for dei som ville kose seg utan å måtte dusje etterpå (vi kan love MYKJE fabelaktig kunst på doane i år).
Kvelden vart runda av med glitrande konsertar med Mhoo og The Gamasamas, før anledninga flytta inn i gymsalen på grunn av vêrtilhøva. Gymsalen synte seg derimot å vera kraftig undervurdert som konserstad, for stemninga var himmelhøg heilt ut i dei små timane!
På sundag sto topptur til Grindadn på programmet, men det majestetiske fjellet låg bada i tåke på formiddagen. Alternativ rute gjekk difor til Leiholshøgda på andre sida av Vangsmjøsa, utan at det la ein einaste dempar på turgleda til verdas beste gjeng.
Fotografar: Lars Østbye Hemsing, Cathrine Dokken og Martin Hauge-Nilsen.