Ubekymra ferd til fjells

Festivalbuss tur/retur Oslo, Trondheim og Bergen. Lunsj inkludert. Garantert køfritt. Garantert billegare enn alle andre transportalternativ, og ein skokk med andre glade Vinjerockarar som reisefølge. Er det eigentleg noko å lure på?

Klikk her for å til billettbestilling »

Ubekymra-bussen vart introdusert i 2010, og er eit samarbeid med Vang Sparebank. Hovudmålsetjinga er å gje Vinjerockarane ei meir bekymringsfri ferd mot festivaleventyret, i tillegg til å redusere antal bilar på landevegen med kurs mot Jotunheimen i midten av juli.

Bekymringslaus kos

Den gode festivalopplevinga byrjar allereie på Ubekymra-bussen, som hentar deg på din lokale sentralstasjon torsdag morgon. Derifrå sklir du elegant forbi alle køar på vegen mot målet, og får attpåtil servert lunsj undervegs.

- Dei som reiser med Ubekymra-bussen får attpåtil billettarmband påsett før avstigning, slik at dei slepp å stå i kø for å ordne dette når dei fyrst har kome fram, fortel Vinjerock sin salssjef Carl Frithjof Tidemand-Johannessen.

Auka tilbod i år

Fyrste året vart det sett opp fire bussar. I år er talet auka til sju. Fire av dei går frå Oslo, medan dei andre går frå Bergen og Trondheim.

Bussbillettane vart lagt ut forrige onsdag. Så langt er bussane frå Trondheim og Bergen snart fylte opp, medan to av fire bussar frå Oslo allereie er fulle. 

Stor miljøgevinst

Miljøsjef på Vinjerock, Marit Lajord, ynskjer at enno fleire skal ta bussen i framtida.

- Me har som eit langsiktig mål at 50% av gjestene våre skal nytte buss som framkomstmiddel til festivalen, fortel ho.

Førebels er målet eit stykke fram i tid, men med Ubekymra-bussen sin stadig aukande popularitet kjem vi nærare på kvart forsøk.