Vinjerock og nettbutikken Barbershop skal i samarbeid kåre «Årets skjeggebuse 2012» under sumarens festival. - Stil og kreativitet tel like mykje som kvantum og lengde, slår juryleiar Andreas Doppelmayr fast.
Fredag 20. juli skal han altså kårast, den fyrste vinnaren av den nyoppretta hårete kåringa i fjellheimen.
- Det skulle jo berre mangle at vi ikkje slo eit slag for skjegget. Vinje sjølv hadde openbart gode vekstvilkår i nedre halvdel av fjeset, men skjegget hass var alltid i stussen. Og det kunna heilt sikkert koma godt med i kald motvind høgt til fjells, seier festivalsjef Eirik Høyme Rogn med eit smil, og vedkjenner samstundes at han truleg har for dårleg dekningsgrad til å delta sjølv.
Barbershop.no er festivalen sin samarbeidspartnar i kåringa, og eigaren Andreas Doppelmayr, opphaveleg frå Øystre Slidre, har fått rolla som juryleiar. Med i juryen er også Fondsbu-vertinne og vinjepatriot Solbjørg Kvålshaugen, samt ein representant frå Vinjerock. Sistemann i juyren skal i framtida vera den foregåande vinnaren, men i år jaktar juryen etter ein lokal skjeggebuse som kan ta på seg eit vikariat.
Høyme Rogn kan fortelje at tanta hass meinte at ei slik konkurranse var diskriminerande, då ho sjølv ikkje hadde føresetnader for å delta.
- Men dette har vi take høgde for. Ved sidan av rikeleg med barberingsutstyr frå Barbershop får vinnaren sjølvsagttofestivalpass til neste års festival. Vi erkjenner at det bak ein kvar stram skjeggebuse står ei sterk kvinne, som også skal få sin del av bonusen i kjølvatnet av mannfolkas hårete eskapader, slår festivalsjefen fast.
For den som ikkje har heilt sving på barberkosten, men som likevel vil vera med i konkurransen, kan Doppelmayr love naudhjelp i siste liten.
- Vi kjem til å køyre nokre stuntkurs i tradisjonell barbering på Vinjerock i år, så om du kjem til fjells med mykje hår men lite fasong skal vi sørge for å gjere deg «fit for fight», fortel han med eit smil, og presiserer at han også vil lære bort barberkunsten til andre, sjølv om dei ikkje ynskjer å stå skulerette framfor juryen etterpå.