Nokre minutt etter at Aasmunds Krambu vart lansert i går kveld synte loggen meir enn 1000 samtidige kall mot nettbutikken. Over 400 ordrar vart plassert dei fyrste timane, og blant dei største favorittane var Lavvotell, Uranostinden, kiting, elvepading og klatring.
Nettbutikken vart som følge av ein del tekniske utfordringar lansert tre veker etter planen, men det såg ikkje ut til å ha dempa handlelysta blant ivrige Vinjerockarar.
- Webhotellet heimesida vår held til på er på ingen måte dimensjonert for så heftig trafikk, erkjenner festivalsjef Eirik Høyme Rogn.
Pågangen førte til at heile webhotellet måtte ha ein timeout, og mange sleit med å få gjennomført bestillingar den fyrste timen etter lansering.
- Men det ser heldigvis ut til å stort sett ha gått bra. Dersom nokon fekk problem med bestillinga si er det berre å ta kontakt med oss, så finn vi ut av det fortløpande.
Aktivitetssjef Hallgrim Rogn ser på moglegheitene for fleire plassar på nokre av dei mest populære kursa og turane, men kan førebels ikkje love noko.
- Vi skal gå ei grundig runde med kurshaldarane og høyre om dei ikkje har lyst til å gjere litt meir når dei fyrst er til fjells, fortel han med eit smil.