Kva med å plukke med seg ein 2000-meters topp eller åtte på vegen inn til Vinjerock? Det får du alle moglegheiter til denne sumaren. Vang Turlag og lokale guidar klaskar nemleg til med tidenes førfest for Vinjerockarane.
- Vi startar på Valdresflya tysdag og endar opp på Eidsbugarden torsdag. MB Bitihorn tek bagasjen over Bygdin og med berre dagstursekk på ryggen raskar vi med seg nokre av dei gjævaste fjella i Jotunheimen på vegen, fortel ei oppglødd Eli Belsheim i Vang Turlag.
Turen er eit samarbeid mellom Vinjerock, Vang Turlag og fjellførarane Odd Eivind Holo og Henning Gladheim. Turlaget tek seg av vandrarane og legg ruta utanom dei brattaste fjella, mens fjellførarane har luftige ambisjonar.
- Fyrste dag vert det sju 2000-meterstoppar på turen til Torfinnsbu. Blant anna til det høgste fjellet i Vang, Vestre Kalvehøgde (2208 moh.). Dagen etter går turen over Torfinnstraversen, ein av dei aller luftigaste i Jotunheimen, fortel Henning Gladheim.
Mellom slaga held heile gjengen til i lavvoleir ved Torfinnsbu. Fellesmiddag levert av det eineståande Vinjerock-kjøkkenet og fjellquiz er noko av det som ventar på kveldsmenyen.
På sjølve festivalen får opplevingshungrige Vinjerockarar sjølvsagt moglegheit til å lære seg eit og anna nytt også i år.
- Elvepading, våttkortkurs for kajakk, innføringskurs i klatring og kitekurs er allereie spikra, samtidig som eit par andre kurs er under planlegging, fortel aktivitetssjef Hallgrim Rogn.
Også gamle klassikarar som Uranostind , Galdeberg og Langeskavlstinden er sjølvsagte delar av aktivitetsprogrammet under festivalen.
Nytt av året er lågterskeltilbodet «Sju Tindar» som festivalen arrangerer saman med Eidsbugarden Budstikke. Konseptet er enkelt og greit å rusle opp på sju av toppane som omkransar verdas finaste festivalområde (altså Eidsbugarden).
- Vi lagar eit stemplingskort som alle som vil kan hente ut i turinformasjonen, så er det berre å byrje å plukke toppar, då det vert lagt ut klippetenger i varden på alle toppane, fortel Birger Løvland, redaktør for Eidsbugarden Budstikke.
Alle som klarar å vitja alle toppane i løpet av festivalen får ein eksklusiv Eidsbugarden-pins, mens alle som leverer inn stemplingskortet sitt er med i trekninga av premiar frå våre samarbeidspartnarar.
Vinjeknappen, dei to Utsikten-toppane, Torshammaren, Sløtafjel, Høgbrotet og Gravafjell er dei sju utvalde toppane.
I tillegg til at vi oppmodar alle om å få med seg ein eller fleir av desse toppane på eigenhand, vil det verte arrangert fellesturar opp på fleire av fjella under festivalen. Turane vert og samla i eit eige hefte som er til sals i turinformasjonen.
Den Norske Turistforening (DNT) er representert sterkare enn nokon gong i år. Sidan førre gong Vinjerock vart arrangert har både DNT Valdres og Vang Turlag vorte skipa. Båe to er sjølvsagt representert på Vinjerock og kjem til å bemanne turinformasjonen under heile festivalen, samt vera med som turleiarar på fleire av fellesturane.
Også DNT ung stiller sterkt. Ryktet seier morgonbading, slakk line, kart og kompass-kurs og ein hel del sprell i deira regi.
Hugs og «Den Store Gnagsårprisen 2012» der den eller dei som har vore innom flest DNT-hytter på veg til Vinjerock vinn både festivalpasss, utstyr, heder og ære. Mens alle andre kjempar om å få det aller største gnagsåret.
Vinjerock har verdas råaste festivalpublikum, noko konkurransen Vinjerock:Multisport har vorte det endelege beviset på. Her herjar både bakfulle bergensarar og overtente birkebeinarar rundt i tre timar og kosar seg så best dei kan med å løyse ulike postar på best mogleg måte. Så også i år.
- Konseptet vert som før med tre timar og tretti postar, men vi skal nok klare å hoste opp ein nyheit eller to som kan verta potensielle publikumsvinnarar, lovar aktivitetssjefen.
Her vert taket sett på 75 tomannslag, så den som vil vera med på moroa må følgje med når nettbutikken opnar den 1. juni.
Og forresten, ein må ikkje gløyme tilbodet på Jotunheimen Beach. Åsmunds Klatrestativ, beachvolleyball, kubb, slakk-line og den berømte badetemperaturen som er like låg kvart einaste år ventar deg i alle fall. I tillegg til eit par overraskingar. Minst.