Svenske björnar og høgt hår

Bandet som stod bak «Årets låt 2011» i nabolandet kjem til Jotunheimen. Sjumannskollektivet «Den Svenska Björnstammen» ramla ut frå skogane ved Norrköping med eit brak i fjor, og gjorde storeslem når svenskane skulle heidre sine eigne tidlegare i vinter. No kjem dei til Eidsbugarden. Det gjer også bassist og «wonderwoman» Maya Vik.

Lydverket på NRK kallar dei den største pop-sensasjonen i Sverige i fjor. Svensk P3 kåra dei til årets nykommar. Bandet sjølve latar til å la suksessen seile sin eigen sjø, dei har i staden behalde fokuset på å lage glade låtar om alt og ingenting. Og heile eventyret om bjørnane har altså sitt utspring frå ei hytte i skogen.

- Når bandet spelte på by:Larm tidlegare i vinter var det umogleg å koma seg innanfor dørene lenge før konsertane starta. Det same skjedde når dei spelte live hjå Lydverket for nokre veker sidan. På Vinjerock skal vi derimot syte for at heile publikum får ein bit av bjørnane, slår festivalsjef Eirik Høyme Rogn fast.

Funk med høgt hår

Maya Vik har også funne vegen til årets Vinjerock-plakat. Du har ganske sikkert sett ho før, som bassist for blant andre Savoy, Furia, Montée og NRK-bandet Svidd Gummi.

I vinter kom solodebuten, «Châteu Faux-Coupe», som fall godt i smak hjå kritikarane. «Leiken funk-extravaganza» skreiv ein anmeldar, og Dagbladet spurde seg om det fantes noko denne damaikkjefekk til?

- Maya Vik er eit råskinn på scena, og synte under by:Larm at ho glitrar når ho står i front også. Det var rett og slett ekstremt fengande, fortel festivalsjefen, som håpar han sjølv også har tid til å sleppe dansefoten laus når dama med dei høge krøllene entrar scena i fjellheimen.

Programmet snart ferdig

I følge Høyme Rogn gjenstår no berre nokre få postar i musikkprogrammet til årets festival.

- Vi har etter kvart fått til eit program vi er veldig stolte av. Fire-fem plassar gjenstår framleis, og vil bli lansert etter påske. Ellers gjenstår heile aktivitetsprogrammet, og mange andre godbitar, som kjem i tur og orden fram mot juli.