I påska kan det opne seg moglegheiter for dei som manglar festivalpass til årets Vinjerock. Påskeharen har nemleg varsla sin ankomst til fjellheimen øvst i Valdres, med sekken full av påskeegg til dei som er klare for ta i bruk ski, truger eller fjellsko for å bli med i jakta.
Etter at Vinjerock vart utseld på rekordtid har festivalen alliert seg med påskeharen for å gje billettlause Vinjerockarar moglegheita til å jakte på ein plass i sola til sommaren. Jaktsesongen startar høgt til fjells skjærtorsdag og avsluttast i låglandet 2. påskedag.
- Dette er rett og slett ei god, gamaldags påskeegg-jakt. Vi krev rettnok at du må røre litt på deg, men slik eg kjenner «Vinjerockarane» er det minste problem i verda, fortel festivalsjef Eirik Høyme Rogn med eit smil.
Kvar dag blir det nye oppgåver ein kan bryne seg på, og den som er ute etter ein plass framfor scena i Jotunheimen må rekne med både hjernetrim og fysisk aktivitet for å finne godsakene.
- Kvelden i forvegen vil me legge ut kart, navigasjonskoordinatar eller rebusar på Facebook-sida vår for å gje leietrådar til kor ein kan finne egga. Dermed kan ein kan ein bruke kvelden til å finne ut kvar haren tek turen dagen etter, seier festivalens PR-sjef Turid Lindboe Reite.
Då arrangørane helst ser at folk ligg i sengene sine framfor å flyge ute i fjellheimen på nattestid er det ingen egg å finne før litt ut på dagen.
- Vinjerock handlar om å kosa seg i lag med andre fjellfantar, så me oppmodar folk til å finne påskeharen, slå av ein prat og ha det kjekt i lag med andre «jegarar». Eggjakta blir offisielt sett i gong på den aktuelle staden ein stad i to-tida kvar dag, forklarar PR-sjefen.
Oppmodinga frå Vinjerock-gjengen er klar: Fyll sekken med sjokolade, kakao og appelsinar, ta eit ekstra blikk på Fjellvetreglane, og kom deg ut på jakt.