Ekstrem turglede

For 3. gong inviterer Bergans deg med på «Ekstrem Turglede»-tur til Vinjerock. Vinnarane som blir plukka ut blant søkjarane får blant anna ein minnerik tur gjennom Jotunheimen, klede og utstyr for 10 000 kroner og sjølve prikken over i'en: Endestasjonen er Vinjerock 2012, med alt det fører med seg.

Populær tur

Beskriving av turen og søknadsskjema finn du her »

I konkurranse med alt frå tronge fjordarmar til Himalaya har turen til rockefestivalen i Jotunheimen vore den mest populære av alle dei siste åra. I fjor hadde Vinjerock-turen nesten 1500 søkjarar. Nålauga er med andre ord trongt, men gevinsten stor for dei som søkjer seg til topps.

Søknadsfristen er ikkje før 10. juni, så du har god tid til å formulere deg godt. Lukke til! :-)