Dumdum Boys kjem!

Rockens høvdingar i Noreg er klare for fjelltur, og skal avslutte laurdagen på årets utgåve av Vinjerock. - Det soleklart mest etterspurde bandet kvart einaste år, fortel festivalleiar Eirik Høyme Rogn.

Med ny skive i sekken

Dumdum Boys toppa plakaten på den fyrste festivalen for seks år sidan, og har sidan den gong vore ein gjengangar på ynskjelistene til festivalpublikummet i høgfjellet.

- For dei som var der den gongen står nok den konserten øvst på lista over magiske stunder. Eg hugsar framleis den surrealistiske kjensla av å sjå nokon av mine største rockeheltar openbare seg bak sceneteppet, fortel festivalsjef Eirik Høyme Rogn, og mimrar attende den fyrste Vinjerock-kvelden nokon sinne i 2006.

- Eg har ikkje tal på kor mange hundre ynskjer vi har fått om ein ny Dumdum-konsert til fjells. Difor er det ekstra stas å no kunne by opp til dans på ny, slår festivalsjefen fornøgd fast.

Nytt album på veg

Bandet kjem med sitt tiande studioalbum, «Ti Liv», i mai. Den fyrste smakebiten, singelen «To er tre for mye», kjem allereie fredag denne veka. Den nye skiva er produsert av ingen ringare enn Bent Sæther frå Motorpsycho.

- Det gnistrar frå rillene, og du kan høyre at vi har hatt det usedvanleg feitt i studio, skriv bandet sjølv i ei melding på heimesida si.

Sjølv om bandets historie har røter heilt attende til 1979 var Dumdum Boys fyrst eit faktum seks år seinare. Det tok ikkje lange tida før rockarane frå Trøndelag hadde plasset seg sjølv i toppsjiktet av norsk rock, ein posisjon dei har halde på sidan.

Halvvegs i lista

Festivalsjefen kan fortelje at fleire artistslepp er i vente i vekene som kjem.

- No har vi sluppe om lag halvparten av artistane til årets festival. Mange fleire vil bli lansert i tida fram mot påske, blant anna den siste headlineren.

Også dei andre brikkene i festivalprogrammet er i ferd med å falle på plass. Både aktivitetsprogrammet og litteraturprogrammet tek form i desse dagar.

- Mesteparten blir ferdigstilt og lansert i løpet av mars og april, slår Høyme Rogn fornøgd fast.