Draumejobben?
Påska 2011 stifta Vinjerock og Vang Sparebank samvirkeføretaket Innovangsjon SA. Samvirket har som formål å gjere Vang kommune levedyktig for framtida, gjennom å jobbe med trivsel, integrering, næringsutvikling, bustadsutvikling og marknadsføring av Vang. No skal to fulltidsengasjement tilsetjast - ein Innovangsjonsminister og ein næringsutviklar. Kanskje ein ekte Vinjerockar er den rette for jobben?
Viva la Vang
Vang kommune er vertskommune for Vinjerock - ei fjellhøg kommune med lite folk på mykje areal. Som i mesteparten av distrikta ellers har Vang fått merke befolkingsnedgangen dei siste tiåra, og kommunen har i dag i overkant av 1 600 innbyggjarar. Landbruk og reiseliv er dei viktigaste næringsvegane, men dei siste åra har nye bransjer også funne vegen til Vang. Kultur har, blant anna gjennom Vinjerock, vorte eit sentralt tema. I tillegg har det bl.a. vorte etablert fleire IT-bedrifter blant dei høge fjella.
Innovangsjonsministeren og næringsutviklaren skal jobbe for å legge grunnlaget for ytterlegare vekst i Vang. Vi veit nemleg at mange vil til kommunen, dersom tilhøva ligg til rette. Dei treng ein stad å bu, dei treng noko å livnære seg på, og dei treng at noko skjer på fritida. Mykje er bra allereie, men skal vi verkeleg få det til å svinge må nokon ta tak i dette på fulltid. Difor var det stor stas for oss når Vang kommune innvilga tilskot til desse to engasjementa, i første rekke fram t.o.m. 31. desember 2013.
Les heile stillingsutlysinga på vangivaldres.no.
Søknadsfrist: 31. januar 2012.
