Vil du vera vertskap?
For å kunne gjennomføre Vinjerock treng vi kvart år over 400 frivillige. Ynskjer du å søke om å bli ein del av vertskapet i 2012 må du gjera det seinast den 1. mars, men inntaket blir gjort fortløpande på nyåret. Med andre ord: Søk før det er for seint!
Søk i dag!
I løpet av ein festival er det mange oppgåver som må løysast, og utan frivillig arbeidskraft er det ikkje mogleg å lage Vinjerock. Blant arbeidsoppgåvene vi treng hjelp til er alt frå servering til miljøarbeid, info, salg, scenerigging og orden- og trivselsoppgåver.
Som frivillig får du oppleva festivalen frå innsida, og du blir ein del av ein fantastisk gjeng som i samarbeid lagar landets trivelegaste festival høgt til fjells.
Klikk her for meir info og søknadsskjema!
