Utseld på tre timar

3 timar og 13 minutt var tida det tok før 3 000 festivalpass til Vinjerock 2012 hadde skifta eigar. I fjor tok det fem måander, og året før vart festivalen utseld veka før den byrja. Det er eigentleg berre ein ting å seie: Tusen, tusen takk for tilliten! Vi lovar å stå på alt vi maktar for å gje dykk den opplevinga de håpar å få - med meir attåt.

Hjelp - kva no?

Om du er blant dei som ikkje fekk tak i billett tidsnok finst det no berre nokre få sjanser. Den fyrste dukkar opp ved midnatt i morgon og natt til sundag. Då vil eventuelle uavhenta reservasjonar bli lagt ut att for sal på www.billettservice.no.

I etterkant av dette er beste moglegheit å følgje med på våre og sponsorane våre sine Facebook-sider utover våren og sumaren, der det heilt sikkert vil bli annonsert ein del konkurransar kor festivalpass er premien.

Og er du innstilt på å jobbe for opplevinga kan du søke om å bli ein del av vertskapet på Vinjerock. Arbeidsoppgåvene er mange, og totalt trengst kring 400 personar til å løyse alt som løysast må undervegs. Vi forventar mange søkarar i år, og kan difor ikkje garantere plass til alle. Motivasjon og eventuelt erfaring vil vega høgt.

Det vil ikkje på noko tidspunkt bli lagt ut fleire billettar til Vinjerock 2012. Utseld betyr i dette tilfellet heilt utseld, då det ikkje er rom for fleire festivaldeltakarar på Eidsbugarden.

Nok ei gong - tusen takk for tilliten! Det set vi utruleg stor pris på!