Vinjerock i ny drakt

Vi har brukt hausten på å svinge penselen, og kan med dette stolt presentere Vinjerock i ny drakt. Ei ganske fargerik ei. Det har nemleg vore mantraet for heile prosessen: Å formidle at Vinjerock set farge på fjellheimen.

Om profilen

Den nye profilen er utarbeida i samarbeid med våre gode vener i Kreativ Strek AS, som også har vore ein sentral bidragsytar for å få dei nye heimesidene på plass. Som du etter kvart kanskje vil merke så skiftar heimesida farger gjennom dagen, for å illustrere dei ulike stemningane gjennom eit døgn i fjellheimen.

Nettsida er no lansert i ein tidleg versjon, og vil få enno fleire funksjonar og meir snacks i løpet av vinteren og våren. Kom gjerne med attendemeldingar og ynskjer til oss!

Teknisk dilldall

I skrivande stund fungerer ikkje musikkspelaren i Internet Explorer 8 og 7, men vi jobbar med saka. Enn så lenge tilrår vi at du anten nyttar Internet Explorer 9 eller ein annan nettlesar som heng på greip for å få glede av all moroa på dei nye heimesidene.